Den samla kostnaden frå alkoholkonsumet er mellom 80 og 100 milliardar kroner, går det fram av rapporten «Samfunnskostnader ved alkoholbruk», som Oslo Economics har utarbeida for Blå Kors, Av-og-til og Actis. Til samanlikning er statens årlege inntekter frå sal av alkohol og tobakk ikring 20 milliardar kroner.

Den ferske undersøkinga syner at det vil vera ein føremon for samfunnet å redusere konsumet av alkohol. Det vil gje betre folkehelse, færre alkoholrelaterte skadar, færre dødsfall og – ikkje uviktig – ein betre livskvalitet for pårørande.

Lågare forbruk vil òg gje stor økonomisk gevinst for samfunnet. Det er naudsynt å drive haldningsskapande arbeid. Ikkje berre for at folk flest skal gjere gode val, men òg for å fremja tilslutning til ein politikk som kan gje lågare forbruk.

Rapporten gjev denne fordelinga av kostnadene i samfunnet vårt:

· mellom 68 og 77 milliardar i tapt helse og livskvalitet.

· mellom 9,2 og 17,2 milliardar av desse kan tilskrivast pårørande åleine.

· mellom 10 og 13 milliardar i sjukefråver og redusert produktivitet.

· mellom 1,4 og 7 milliardar i kostnader for helse- og omsorgstenesta.

· mellom 1,5 og 4 milliardar i ressursbruk i andre sektorar.

Om alkoholkonsumet held fram med å auke, til dømes til nivået i Finland, vil kostnadene auke monaleg, til ein stad mellom 120 og 150 milliardar kroner årleg.

I Nasjonal alkoholstrategi (2021-2025) som vart lansert våren 2021, vert det vist til eit globalt mål om 10 prosent reduksjon i skadeleg alkoholbruk innan 2025 samanlikna med 2010. Norge har forplikta seg til å følgje opp dette målet.

Rapporten frå Oslo Economics peikar på fleire moglege årsaker til auka bruk. Alkoholpolitikken er ein av fleire. Også kommunane har eit ansvar her, ikkje minst gjennom dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine.