Barn som kastar stein på svaner + ignorante vaksne = nabo kastar seg over tastaturet i affekt

SVANER: Artikkelforfatteren ber oss om å snakke med barn om å kaste stein på svaner.

SVANER: Artikkelforfatteren ber oss om å snakke med barn om å kaste stein på svaner. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Eg er naboen som ser det eg ser, og eg likar det ikkje.
Vi har alle eit felles ansvar overfor barn og dyr.
Mitt store ønske er at alle vaksne tar ein prat med borna om korleis vi skal oppføre oss mot dyrene.

Eg er så heldig at eg bur på ein vidunderleg vakker plass. Frå kjøkkenvindauge har eg god utsikt til friområdet med eit yrande dyreliv og folkeliv. I det siste har vi vore så heldige at vi opplever gleden ulike skuleklassar og barnehagebarn har av å bruke dette nydelege friområdet.

Det er bølgeskvulp, fuglesang og barnelatter.

Men det er ikkje berre idyll, nett no sit eg her med hjartebank fordi eg er så himla opprørt. Eg har nett sett skulebarn som kastar stein på svanene i bukta. Eg har sett lærare som ikkje ser. Det er dessverre ikkje første gang er ser slike opptrinn utanfor kjøkkenvindauga mitt.

Eg kan ikkje sitja i ro å sjå på slikt.
Derfor pleier eg å gå ned til bukta for å gjere dei vaksne merksame på kva som skjer rett framføre dei. Eg spør om den barnehagetilsette/læraren kan vera så snill å forklare borna at dei ikkje må kaste stein på svanene.
Nokon ganger har eg møtt på vaksne som ønsker å bortforklare dei faktiske hendingane.

Kjære dykk, vi er saman om dette, det trengs en heil landsby å oppdra eit barn. Borna veit ikkje betre, nokon må veileda dei og lære dei korleis dei skal oppføre seg. Men når dei ansvarlege vaksne bagatelliserar og bortforklarar, blir eg så opprørt at eg kastar meg over tastaturet i affekt for å skrive til avisen.

Eg skriv til avisen fordi vi må minne oss sjølve på å ikkje sovne hen. Vi må bry oss.
Arnulf Øverland sine ord passar godt her: "Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv."

Eg trur at vi alle kan vera samde i at det er viktig at barn i ung alder, lærer om dyr og deira behov. Ved å lære borna å setje seg inn i korleis dyrene har det, kan både dyreplageri og annan valdeleg adferd førebyggjast og stansast.
Vi vaksne må prøve å vera gode rollemodellar, vi må vise og forklare kva dyret likar og kva dyret ikkje liker.
Kva gjer dyret redd ?
Kva gjer barnet redd ?
Hadde barnet blitt redd dersom det kom nokon plutseleg på besøk og begynte å kaste stein på dei ?

I dag var det 6 fredelege svaner i den vakre bukten vår, fire, fem born var ivrige med å kaste stein på svanene.
Borna må få kunnskap om at dei er på besøk der dyrene bur og at dyr har kjensler.

Når vi lærer å omgås dyr kan vi blant anna lære å tolke ikkje-verbale kommunikasjonssignalar, medkjense, sjølvkontroll og få erfaring med omsorg.

Mitt håp er at vi voksne må prøve å bli flinkare til å forklare til borna at vi må ta omsyn til dyrene. Dersom vi snakkar meir om dette vil vi hjelpe borna til å respektere andre sine behov og til å ta omsyn.

Eg er overtydd om at alle born vil forstå dersom dei får høve til å møte nokon voksne som tar seg tid til å snakke med dei.
Det kan skje vidunderlige ting når barnet legg merke til at samtalepartneren tar seg god tid og tar barnet på alvor.

Alle har ein verdi. Ein heilt eigen verdi, som dei fortener at vi vaksne ser og anerkjenner.
Kvar dag.

Dette kan føre til at barnet tenkjer: «Eg er verdifull, og det er dyrene også.»

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken