Bakterier i drikkevatnet

HELSE: Helsevesenet og media er sterkt opptekne av å skrive om og behandle sjukdom.  Eg tillet meg å meine at å finne grunn for at mange held seg friske burde prioriterast like høgt, skriver Hans Kragset.

HELSE: Helsevesenet og media er sterkt opptekne av å skrive om og behandle sjukdom.  Eg tillet meg å meine at å finne grunn for at mange held seg friske burde prioriterast like høgt, skriver Hans Kragset.

Av

Ein diare-epidemi i Askøy kommune ved Bergen vert stadig omtala på TV og i aviser. 2000 har blitt sjuke, og nærare 100 er innlagt på sjukehus.  Eg har sjekka på nettet, og funne ut at det bur 29363 personar i denne kommunen. Altså er der 27500 friske. Truleg har dei også drukke vatn siste månaden. Grunnen til at så mange har halde seg friske, synest eg er fantastisk og burde få meir merksemd.

DEL

MeningerDenne saka bør ein sjå frå 2 sider. Sjølvsagt må vi ha bakteriefritt drikkevatn frå vassverk og brønnar slik at både nordmenn og turistar torer drikke slikt vatn. Men heilt å hindre at barn og turgåarar ikkje får i seg vatn, bær og vekster frå naturen, greier vi ikkje.

Sjølv vaks eg opp under krigen på ei lita øy med utedo og utan bad. Ein tannlege har fortalt meg at dei gode tennene mine skuldast at vatnet i brønnane rann ned frå små fjellvatn der måsen vaska fjørene sine og skeit. Det gav rikeleg med fluor i drikkevatnet. Truleg var der mange bakterier også.

For 20 år sidan reiste eg verda rundt i 1/2 år. Vi budde saman med ungdom og i rimelege hotell.  Vi åt til vanleg i  billege kafear saman med folket i landet. Særleg likte eg sørkinesisk mat godt. Vi hadde ikkje ein dag med dårleg mage nokon av oss!   Faktisk trur eg det at vi begge vaks opp under siste krig har styrkt motstandskrafta vår mot bakterier.

For ei tid sidan var eg i ein butikk på ei øy på Sunnmøre. Der såg eg stablar av plastflasker med sterilt drikkevatn til sals. Og jammen kjøpte folk det også, endå det fins rikeleg tilgong på drikkevatn i  brønnar, vatn og bekkar der på øyane. 

Helsevesenet og media er sterkt opptekne av å skrive om og behandle sjukdom.  Eg tillet meg å meine at å finne grunn for at mange held seg friske burde prioriterast like høgt.  Mange av oss eldre er van med å drikke frå bekkar og vatn når vi er på tur i skog og fjell.  Når ein tenker på alle dyr og fuglar som skit og daudar i  naturen, er dette i dag truleg livsfarleg. Bøndene spreier også mykje møkk.

Eg har no diskutert saka med yngre folk. Meiningane er delte og uklare. Eg vil difor utfordre Turistforeininga: Er det forsvarleg å gå tur utan sterilt drikkevatn på plastflaske ?

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags