Den dårlegaste planlagte industriparken i Noreg?

Elveveien: Mangler løsning og midlerArkivfoto

Elveveien: Mangler løsning og midlerArkivfoto

Av
DEL

Leserbrev... håpet er tent att (?)... Yttersø Næringpark må væra den dårlegaste planlagte næringparken i Noreg med omsyn på mjuke trafikantar! Her jobbar det 500 ++ personar og det er ikkje lagt inn trygg kryssing av Elveveien inn til- eller ut av området. Inne på sjølve området er det heller ikkje tatt hensyn til at det skal ferdast gåande eller syklande personar. Det fins hverken gangsti eller fortau. Det er rett og slett ei SKAM! Kommunen har sove i timen og det same har utbyggjarar og vegvesenet. Det er dagleg massiv trafikk inn og ut av området med personbilar, små og store varebilar og SVÆRE vogntog. Når DHL fekk etablera seg på området for mange herrens år sidan, skulle ein tru at det samstundes ville bli bygd ein undergang inn til området. Eg var tilstades på eit møte ei gong for mange år sidan der det dagen etter blei lova undergang før somaren. Eg vonar på ei snarleg løysing.

Jens Arne Larsen

Piggande aktivist.

Arbeidsstad: Elveveien 28, Yttersø Næringspark.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags