Gå til sidens hovedinnhold

Vestfold og Telemark fylkeskommune – ein språksabotør?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nyleg var det eit år sida Telemark og Vestfold vart slått saman til eitt fylke. Etter mykje politisk dragkamp, debatt og strid (bland anna om kven som skulle stå først i namnet på fylket – jauda, Vestfold den minste fylkesflekken i landet på kartet den gong, stakk av meg sigeren), har dei verste stormane stilna. Heilt til eg byrja saumfara dei nye nettsidene til vår nye fylkeskommune. Ingen av tekstane som møtte meg er på nynorsk! Var eg blind?

Eg leita under fana «language» (eg håpar den eldre naboen min skjønnar at dette er engelsk og tyder norsk - og at naboen min reint intuitivt skjønnar at ordet attpåtil tyder at du her kan velje språk.) - utan hell. Under “language” kan du få teksta på sidene omset til arabisk, engelsk finsk, islandsk, makedonsk, polsk, somali og tysk – berre ikkje på nynorsk. Heller ikkje under “Mi side” eller “Meny” er nynorsk å finna som eit val. Dette er snodig all tid dei norske fylkeskommunane er lovpålagt å dekka eit nynorsknyttande publikum og deira rett til å få lesa informasjon og dessutan kommunisera med statlege organ på eiga målform.

Etter at dei nye fylkesgrensene frå 2020 vart sett, er det tre fylke som har erklært at dei har nynorsk som språkform: Vestfold og Telemark, Møre og Romsdal og Vestland. Så kva skjedde, gode Vestfold og Telemark? Eg kan ikkje sjå at det ligg ute noko synleg informasjon om bruk av nynorsk på dei fylkeskommunale sidene? Heller ikkje på Instagram skrivast det på nynorsk nokon stad (eg fekk svar om at fylkeskommunen «...vil ha fokus på meir bruk av nynorsk i kanalane våre framover! Med ønske om ei god helg!»). No har det gått ei veike sida eg kontakta Instagram-brukaren utan noko endring. Å kommunisera på nynorsk er juridisk sett ei plikt og ein rett å følgja - meir enn eit fokus å halde.

Eg finn altså ingen sakar på nynorsk eit heilt år etter at Vestfold no skal samarbeida med gamle ærverdige Telemark (sistnemnte har fleire kommunar kor nynorsk er hovudmål). Kva trur dykk nynorskbrukarar som meg tenkjer om dette? Eg veit kva eg tenkjer om dette:

Nyleg las eg at språkleg likestilling på nettet er ein av vår tids viktigaste kulturpolitiske saker. Påstanda vart fremma i ein leiar i Bergens Tidende. Forhåpentlegvis kjem òg språkleg likestilling inn på dei fylkeskommunale nettsidene her i regionen. Saka handlar om å overhalda norsk språkpolitikk og lovgjeving, og til slutt handlar det om respekt og evna til fremma viktige verdiar i det norske språksamfunnet.

Kommentarer til denne saken