Norge vil mangle 100 000 fagarbeidarar om få år. Industrien i Vestfold og Telemark manglar arbeidskraft. Vi treng godt kvalifisert arbeidskraft og mangfaldig kompetanse for å møte det grøne skiftet. Det krev god kvalitet i utdanninga, meir ressursar og oppdatert utstyr på yrkesfaglinene i Vestfold og Telemark.

SV sitt mål er at Norge skal vere eit sosialt rettferdig og økologisk bærekraftig samfunn. Vi skal stanse klimautslipp, stanse nedbygging av natur og tap av naturmangfald, og erstatte alle ressursar i samfunnet som ikkje inngår i sirkulære kretsløp. Skal vi lukkast med ei slik omfattande endring i arbeidslivet, må vi ha ein god kompetanse- og utdanningspolitikk. Vi må satse på yrkesfag!

Derfor vil SV ha eit stort løft for å auka talet på lærarar i yrkesopplæringa. SV prioriterar moderne utstyrsparker på skulane, lovfesta rett til lærlingeplass, prosjekt for å gjere yrkesfaga meir synleg i grunnskulen og fullfinansiere utstyrsstipendet for yrkesfagelever over to år. I tillegg aukar SV talet på fagskuleplasser med 1000 nye plassar, for å satse på høgare yrkesfagleg utdanning.

Meir tid og tillit til lærarane, meir miljø- og sosialfagleg kompetanse og samarbeid om tett oppfølging, vil gjere det mulig for langt fleire å fullføre vidaregåande. Det er framleis alt for mange som ikkje fullfører, og vi veit mykje om kva som skal til – tett oppfølging over tid og gode sosiale relasjonar – er stikkord.

I Vestfold og Telemark er det store forskjellar i kor stor grad skulane maktar å prioritere sosialfagleg kompetanse i læringsmiljøet. Auka rammer vil gjere det muleg. Etter pandemien melder skulane om bekymring for den psykiske helsa hjå mange unge. Derfor er vi glad for at SV har fått gjennomslag for auka rammer til kommunar og fylkeskommunar i revidert statsbudsjett.

SV vil sikre at alle får vidaregåande opplæring med høg kvalitet, uavhengig av bakgrunn og bustad. Vi har ikkje råd til å miste nokon undervegs. Økologisk bærekraft avheng av at alle meistrar liva sine ut frå sine føresetnader, og kan gjennomføre utdanningsløpet med nødvendige kvalifikasjonar for framtidas yrkesliv. Vi har ein 0-visjon i trafikken, vi treng ein 0-visjon for fråfall i vidaregåande skule.